Påmelding Gjøvik 2017

Austrheim Svømmeklubb – heilt i 100!

I starten av august, reiste til saman 100 barn, ungdommar og vaksne tilknytt Austrheim Svømmeklubb på treningsleir til Gjøvik. Det vart ei veke full av mestring og gode opplevingar for både liten og stor. Dei minste, rekruttane våre, stilte i bassenget med store forventningar og iver. «Kaptein Fiskepudding» og hjelparane hans gjorde treninga til ein leik og plutseleg hadde dei trena på både fråspark og stup. Dei gleder seg stort til treningane startar opp att i september.

I løpet av ei intens treningsveke, gjorde også dei eldre symjarane våre store framskritt. Intensiteten på treningane var svært god, med kjekke og motiverte barn og ungdommar. Vi hadde 10 trenarar med på samlinga, som gjorde ein stor innsats med mykje humor og glede.

Dei fleste symjarane hadde med seg både foreldre og søsken. Tradisjonen tru, reiste dei fleste til Hunderfossen Familiepark på «fridagen». Her vart det mykje aktivitet i rafteflåtane, høgdeparken og på gokartbana. Morosam 4D kino og ikkje minst sug i magen på gyngetur i Vikingskipet.

Ein del av dei eldste symjarane reiste, saman med nokre trenarar og foreldre, på ekte rafting i Sjoa. Med skrekkblanda fryd vart dei innprenta tryggleiksreglar og kommandoar, før dei fekk nærkontakt med sjølvaste Sjoa. Det vart 2,5 t med fart, spenning og moro.

Siste kvelden var det duka for familiekveld. Nokre av foreldra laga til stafett med ulike aktivitetar undervegs. Vi kan mellom anna nemna både motbakkeløp, oppblåsing av badering, toppa med avsluttande symjeetappe. Her var det noko å gjera for alle, frå minstemann på 2 år – til eldstemann på godt over 60.

Fredag 9. august hadde vi siste treninga på føremiddagen, mens foreldra pakka bilen og gjorde klart for heimreise. God aktivitet frå start til slutt. Styret takkar alle som gjorde ein innsats for at årets treningsleir med Austrheim Svømmeklubb vart super.

Stort takk til Hovdetun Vadrehjem  som varter oss opp på beste vis år etter år.

Takker også BKK for sponsing til leige av symjehall på Gjøvik og Austrheim Kommune for støtte til symjeopplæring av våre unge symjarar.

 

Då er alt klart til ny treningsleir på Gjøvik. Me blir denne gongen totalt 98 personer, nesten 50 svømmere. rekner med at alle skal bidra til at dette blir ei minnerik og flott veke.Hovdetun lover å legge alt til rette så godt de kan, også været 🙂

DAGSPLAN FOR TRENINGSLEIR GJØVIK 2013

Da er treningsleiren 2011 historie, vi hadde ei flott veke på Gjøvik denne gangen også.Med 2 treningsøkter for dagen var det stor framgang både på fart og teknikk.Dette vil vil være ett godt grunnlag å ta med seg inn i høstsesongen.

Hovdetun Vandrehjem stillte som vanlig opp med flotte fasiliteter, det er fint å kunne gå til duk og dekket bord hver dag.

I god tradisjon ble det denne gangen også tur til Hunderfossen, kinokveld og en flott familiekveld med spennende konkurranser.

Klubben vil takke alle foreldre og trenere som stiller opp. Disse leirene er noe  utøverne husker i lang tid fremover. Uten hjelpen dere frivillige kommer med ville slike leirer vært umulige å gjennomføre. Slik det er i dag, så går slike leirer som en lek. Sammen med trenere som kutter ned sin egen ferie slik at de skal ha muligheten til å være med på denne leiren og hjelpe utøverne våre til å utvikle seg. Dette er trenere som brenner for idretten vår. Tusen takk til dere alle.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Påmelding Gjøvik 2011

Info_skriv_treningsleir_2011]

Presentasjon av Hovdetun